Året 2002

uten-navn-1IMG_0046

Utklipp frå avisa Strilen frå 7. september 2002.
Dei hadde ein spalte dei kalla «På menyen», og då var det jo rett man dei intervjua… :-)

Repro_0003

Dette året hadde eg fire forskjellige separatutstillingar i galleriet i Isdalstø.
Her er dei første som hadde kunstutstilling hos meg.
Frå venstre: Edith Isdal, Natalie Lingjerde og Inger Wold Lund.

IMG_0048

Forsidebilde på Kyrkjekontakten, kyrkjebladet for Alversund, Lygra og Seim.
Bildet er fotografert ved badevika i Kvamsvåg.

IMG_0047
Også dette året kjøpte Meland kommune eit bilde frå meg til å ha på forsida på årsmeldinga si. Bildet syner Hurtigruta som passerer under Nordhordlandsbrua.

Året 2001

uten-navn-1

_MG_3846

Dette året gav eg ut den første boka mi på eigen hand, Nordhordland – før og no…
Her hadde eg samla inn mange bilder frå distriktet,
og fotografert dei same stadane på nytt.

IMG_0038

Eg fotograferte bildet som blei brukt som plakat på «Garveryen»,
ein revy som gjekk for fulle hus på Garveriet i Isdalstø.
Idèen var basert på filmen «Heftig og begeistret», ein film om Berlevåg mannskor.

IMG_0039

Hadde fem bilder i Nordhordlandskalenderen for 2001.
Dette bildet frå Lyngheisenteret på Lygra er nok det mest kjende.

IMG_0033

Det var eit bilde som eg hadde fotografert som pryda forsida på årsmeldinga for Meland kommune dette året. Bildet er tatt på Åsebø.

Året 2000

uten-navn-1

IMG_0028

Eg var fotograf for boka «Nordhordland – eit Norge i miniatyr» som kom ut på Nordhordland Forlag. Her var det bildetekstar på både norsk, engelsk og tysk.

Repro_0002

Den dyktige fotografen Morten Sæle byrja hos Studio Nordhordland. Han hadde tatt svennebrev som fotograf etter å ha gått læretida hos fotograf Hans Jørgen Brun i Bergen.

_MG_3839

Fotobutikken Knarvik Foto i Knarvik Senter blei solgt til Arne Larsen. Han var godt kjend med butikken frå før – ettersom han var servicemannen for Fuji minilaber.

_MG_3616

Ny firmabil, Chrysler PT Cruiser. Det var mange som sperra opp augo, slik bil hadde dei aldri sett før. Eg har fortsatt den same bilen, rust og slitasje og 305 000 km seinare.

Hugsar du kven som vart toppscorar i Premiere League dette året…

uten-navn-1

Dette året vart Jimmy Floyd Hasselbaink frå Leeds toppscorar i Premiere League :-)

_MG_3640

Feirar 5-års-jubileum for Studio Nordhordland og dei koselege lokala i Isdalstø.
Fekk fleire leverandørar med på å støtta annonseringa.

Repro_2Heilsides annonse om bryllupsfotografering i Bryllupsmagasinet 1999
som avisa Nordhordland gav ut.

GML_1999

Halvor Molland 1999.
Her er unge Halvor Molland fotografert som 26-åring.
Han har alltid vore interessert i foto, og han og kameraten Øyvind Sæthre fotograferte på mange slektsstevner rundt i Nordhordland på 1990-talet.

1999

Halvor Molland 2010.
Her er Halvor fotografert 11 år seinare. Litt mindre hår på hovudet, men fortsatt den gode guten. Han har framleis foto som hobby, men bur i dag i Asker utanfor Oslo og er informasjonsdirektør i Hydro.

Hugsar kor du var då Norge slo Brasil…

Uten navn-1

Dette var det året då Norge vann den legendariske VM-kampen mot Brasil.
Hugsar du kor du var då Norge slo Brasil 2-1… :-)

Repro

Elin K. Nesse blei ansatt i firmaet dette året.
Ho var ein grei og dyktig medarbeidar, og vi jobba saman i mange år.

_MG_3836

I 1998 sendte folk fortsatt postkort til kvarandre.
Eg lanserte ein ny postkortserie dette året
og fekk fin omtale i sommaravisa til avisa Nordhordland.

GML_1998

Tommy Urhaug 1998

Her er Tommy Urhaug fotografert medan han var elev ved Austrheim vidaregåande skule.
Tommy fyller 35 år i dag, og eg gratulerer han så mykje med dagen.
Tommy er ein fin ambasadør for strilalandet. :-)

1998

Tommy Urhaug 2010

Her er Tommy fotografert med medaljesamlinga si. Han har no gull i både EM, VM og OL og satsar for fullt mot sitt femte Paralympic i Rio neste år.